Tjenester 2017-10-04T09:26:37+00:00

Rekneskap og lønn

Vi sørgjer for:

  • korrekt rekneskap til rett tid
  • riktig avgiftsberekning
  • korrekt lønn på riktig tidspunkt
  • innsending av korrekte oppgåver til rett tid
  • god oversikt til ei kvar tid

 Vi er alltid oppdatert på nye skattereglar og den nyaste teknologien innan rekneskap og lønn. Rapportar og oversikter kan tilpassast dine ynskjer og behov.

Full eller moderat automatisering av ditt rekneskap? Vi finn ut av kva som passar deg best!

Vi fakturerer i Duett, noko som effektiviserer bokføringsjobben og reduserer risikoen for feil. Ynskjer du å gjere faktureringsbiten sjølv, hjelper vi deg med å sette opp systemet slik at det er tilpassa din kontoplan frå fyrste dag.
Her har vi ulike løysingar tilpassa volumet og behovet i di bedrift. Uansett sørgjer vi for at dine fakturaer blir betalt i rett tid. Betalingsoppfølging er ein integrert del av dette tilbodet.
Vi er oppdatert på gjeldande regelverk og fører lønningar på Huldt&Lillevik sitt velprøvde lønningssystem. Samtidig sørgjer vi for korrekt berekning, utbetaling og rapportering til myndigheita.
Kombinasjonen av fagfolk med lang erfaring og moderne programvare, gir korrekte årsoppgjer med informative rapportar. Slik får du oversikt over økonomien i di bedrift, samt dannar eit godt grunnlag for å kunne analysere drifta og eventuelt justere kurs.
[/fusion_builder_column_inner][/fusion_builder_row_inner] [/fusion_text]

Rådgiving

Som rekneskapsførar kjenner vi deg og di bedrift.

Ved spesielle hendingar i bedrifta treng du kanskje tilleggstenester og gode råd om korleis du skal løyse desse. Vi har folk med variert bakgrunn og erfaring.
Prøv oss!

God likviditetsstyring sørgjer for at du har den driftskapitalen du til ein kvar tid har behov for. Vi hjelper deg med å utarbeide budsjett, anten det er investeringsbudsjett, likviditetsbudsjett eller budsjett i forbindelse med behov for nye lån.
Anten du skal etablere deg for fyrste gong eller ynskjer å omorganisere eksisterande bedrift, går det med mye verdifull tid til utfylling av ulike skjema. Her kan du spare både tid og pengar på å setje dette bort til oss. Skattefrie omdanningar og avvikling av selskap kan vi òg hjelpe deg med.
Våre medarbeidarar arbeidar dagleg med spørsmål omkring regelverket for meirverdiavgift. Meirverdiavgiftslova er detaljert, særleg når det gjeld prosjekt som omfattar fast eigedom og oppføring av bygg. Feil behandling av mva-spørsmål kan lett føre til tapte mva-frådrag.
Skattereglane er lite oversiktlege og det er stadig endringar i dette regelverket. Vi produserer likningsdokument for alle typar føretak, og har programvare som sørgjer for korrekte likningspapir og rett skatt. Vi hjelper deg òg med likningsklagar om det skulle vere behov for det. SkatteFUNN-ordninga er krevjande når det gjeld dokumentasjon, men vi har folk som har gått kurs i dette skjemaveldet.
Vi har medarbeidarar med høgare utdanning og lang praksis i landbruksnæringa.
I kombinasjon med dataverktøy som er spesiallaga for slike driftsplanar produserer vi oversiktlege kvalitetsplanar med effektiv tidsbruk.

Eigarskifte

Skal du overføre hytta til borna? Verdsetje og selje garden til neste generasjon? Treng du konsesjon?
Skjemaveldet er stort, det ordnar vi enkelt for deg.

Eit generasjonsskifte rører ved heile familien. Legg grunnlaget for eit vellukka eigarskifte med ein god prosess.
Bruk oss – vi har gjort det før.

Her treng ein god oversikt over fagområde som avtalerett, skatterett, odelsrett og familierett. Skøyter, kjøpekontraktar, familieavtalar, konsesjonssøknadar – vi tek oss av heile skjemaveldet. Treng du hjelp til taksering eller verdsetting kan vi òg utføre dette.

Vi har medarbeidarar med 25 års erfaring i faget og er den største aktøren på dette området i Buskerud.

Vi tek oss av avtaleskriving, skjemaarbeidet og avklaringar med offentlege instansar.
Om du ynskjer ein fullstendig takst av eigedomen i tillegg til hjelp med sjølve eigarskiftet, kan vi anten gjere taksten sjølv, eller formidle kontakt til eit anna uavhengig takstselskap.
Oppgjer av dødsbu med mange arvingar kan vere tidkrevjande og komplisert. Vi har medarbeidarar med lang erfaring innanfor dette feltet. Om det skulle vere behov for advokathjelp i delar av prosessen, har vi dyktige samarbeidspartnarar som vi nyttar oss av i den grad det er behov for det.